Kvar er den tida då det kosta ein kveld i førevegen å få ein karakter over gjennomsnittet? Kvar er den tida då det verste som kunne skje var å komme opp til eksamen i høyrelære? Kvar er den tida då eg var overbevist om at eg aldri skulle rekne ut ei likning med to ulike igjen? Kvar er den tida då ei likning med to ulike faktisk VAR det største problemet? Kvar er den tida då eg hadde ein lapp teipa opp i vindaugekarmen med heile pensum fint oppskrive til kvar prøve? Kvar er den tida då eg hadde fast plass bakerst i venstre hjørne? Kvar er den tida då eg vakna i timen med ein dam av sikkel i fanget? Kvar er den tida då ingenting var seriøst?
Kvar er den tida då Aud retta stilar med berre ei hand på bunken?!?!?!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar