torsdag 6. mai 2010

For utanforståande- om Aud

Aud har eit par med briller til eit kvart høve. Dei er truleg kjøpt på nille. Ho brukar gjerne to par briller om gongen. Eit par når ho skal sjå elevane sine, og eit par når ho skal lese norrønt eller noveller.
Ho har bl.a. eit rosa par med briller. Det paret gjorde seg saman med den rosa netting-hette-gensaren hennar. (Ho går heller ikkje av vegen for å sprite opp look'en med ein pent pøført, rosa, leppestift.)

Aud er forøvrig lærar i norsk og religion, har fagbrev i heeling og har spesiellt stor interesse for ufo'ar og andre usannsynlegheiter. Norsk- og religion-timane hennar var, truleg derfor, av den ALVORLEG keisame sorten. Men som plaster på såret var det lett å avlede Aud og avlaste oss sjølve. Dvs. at x antal timar i den vidaregåande skulen vert/ vart brukt (med meir eller mindre rimelighet) til planet-lære,   stjerneteikn-tolking og lesing av både hender og aura. Ho har dessutan hatt høve til direkte utøving av sine heeling-evner. Etter desse timane har eg og fått greie på at eg er ein blanding mellom hjort og hare. Korleis eg skal tolke dette, og eventuellt vidareutvike det, har eg ikkje komme fram til den dag i dag, 3-4 år etter.

Hennar evner til å sjå inn i framtida er noko i allefall ikkje ho kimsar med. Eg vart spådd ei framtid som musikar. Det vert i allefall ikkje før etter endt revisjonstudie. DET hadde ho ikkje sett føre seg nei! (Vi er forøvrig fleire om det).

Eg, og andre, har med dette og anna som grunnlag, ein teori om at Aud praktiserar sine evner ved retting av prøver. Mine standpunkt-karakterar i norsk var i alle tilfelle ikkje i samsvar med dei karakterane eg fekk på avlagt eksamen.

Eg saknar karakterane til Aud...

Ingen kommentarer: