tirsdag 8. desember 2009

Piano

To timar innestengt på eit rom med eit stk. piano og ikkje mindre enn eit stk. flygel, delvis saman med frk. Heieren-musikk-teori-orakel har resultet i:

Oppfrisking av begrep som tonik, subdominant og dominant+kvintsirkelen (som gjekk inn det eine øyret og ut det andre).
Meir vesentleg har det ført til heile FIRE innøvde songar, nesten klare for framføring på sjukeheimen jula 09. Ei to timars økt til, så tenkjer eg det sit. Dvs. at eg for første gong denne hausten har ei kjensle av å være på FØRESKOT til glede og begeistring!

Peace out

Ingen kommentarer: