Sidan Kjellardyr 1 i Fagerlia skal jobbe på sjukeheimen i jula, inkludert på julekvelden, har ho bestemt seg for å terpe litt på pianoferdigheitene.
Sidan bilete over beskriv øvingsmengda på det aktuelle instrumentet, i dei tider dette var pensum, særs god, vert det naturlegvis behov for å innta NMH, Noreg sin O HØGASTE utdanningsinstitusjon for musikarar. (Om du ser godt etter, er det eit piano ved sida av krakken der).
Ein heilag avtale er inngått med frøken Heieren av Ålhus, som har tilgang på div. øvingsrom med piano på vedkommande institusjon.
På repetoaret innan 14. desember skal det stå:
Det lyser i stille grender
Glade jul, heilage jul
&
Du grønne glitrande
Intensjonen med offentleggjeringa er at ideen ikkje skal gå opp i røyk slik som pianoet gjer her:
http://www.youtube.com/watch?v=6gPqrQcmKSY
(What a wast! Men eg kunne tenkt meg ein eldsikker frakk.)
(What a wast! Men eg kunne tenkt meg ein eldsikker frakk.)
God eksamensstri!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar