søndag 1. august 2010

Alkoholkonsum over gjennomsnittet, men dog det kunne vore verre.


EIT GASTA SLAG



Ein kveld då eg gjekk inni byen og stranda,
og ingenstads kjenninger fann,
då kom det ein ølslusk med hatten i handa,
og bomma meg fattige mann.

Eg svara med langmod, og sa millom anna,
at pungen er slunken i dag.
Men fyren vart vill so han freste og banna,
og ga meg ett nakkedrag.

Då brann eg i harm som ein sprakande loge,
og dermed so langa eg ut,
so fyren vart slegen til vers i ein boge,
pålag som ein uppvriden klut.

Så rusla eg heim att og la meg i kassen,
men spurde so snart det vart dag,
at folk hadde funne ein fyr der på plassen,
som likna ein skraphaug på lag.

Kvar einaste tonn som hann åtte var krasa,
so stubbane vidspreide låg,
og der som det før sat ein blomstrande nasa,
ein svartskurven vorte dei såg.

Men kjeften så ut som ein sundtrakka ause,
han gjekk korkje upp eller i,
for beina som heldt han i saman var lause,
so han laut nok hardaste svi.

Kvar einaste sjel som den stunda stå hjå han,
eit tilskot til gravølet gav,
men so var det ein som slo brennevin på han,
og då sto han opp og stakk av.


Jacob Sande

Ingen kommentarer: