onsdag 17. mars 2010

Definisjon av dårleg tid

- du har eigentleg god tid, type fire timar,,,men du prøvar å finne ei unnskyldning for at du kan klare det på ein time i staden

- den gode tida du hadde vert brukt til facebook sniking og true blood

- du fabulerer om ei reise til Brasil som ikkje skjer før om eit år, istadenfor å fordjupe deg i persepsjon

- du har kokt deg kaffe for å få energi til å verte fort ferdig, sjølv om du hatar kaffe

- du får nesten lyst til å rydde rommet ditt, alt for å unngå persepsjonsteori

- oppgåva skal vere ferdig i morga, og du håpar du kan levere med skriftstørrelse 30

Ingen kommentarer: