lørdag 27. februar 2010

"Vi leker ikke butikk"

I Fagerlia leikar vi ikkje vinter.


Den kulaste traktoren i gata, (den raude, ikkje den grøne), har brøyta i fleire timar i dag. Ingrid like så. Når vi måkar oss veg fram til postkassa, må vi måke oss tilbake og. I morgon skal delar av Fagerliakompaniet lage snøhole i den store dongen som Frøken Ingrid Måkepie har laga i hagen, om alt går etter planen (min). 

Ta kontakt om måkeassistanse er ynskjeleg, Ingrid vil nok svært gjerne ha meir snø å måke.

Ingen kommentarer: