Sidan vi i Fagerlia framleis ikkje er dårlegare enn andre bloggarar, skal de få ein smak av årets vårmotar:
Badmington er ein høveleg aktivitet for dei som ynskjer eit sporty uttrykk. Flispysjamas og duntøflar gir den rette rørslefridomen og den essensielle looken. Gjer seg like godt på dei kommande hagefestane i vår og i sommar, som på byen i lyse sommarnetter.
2010- tjueti, er PYSJAMASÅRET!
Flis
Plysj
Bomull
så vel som
Skinn & Lær
er i vinden: LØP OG KJØP!
Takk til modell LMK, flydd inn frå eksklusiv visning på Bali.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar