Som vi alle veit har kjært barn mange namn. Rosenrot har så vidt vi veit minst 70 namn. Deriblandt: Bergakonge, Berggull, Takgull og sist men ikkje minst Huskall. Desse namna vel vi å sjå på som gode indikatorar for å ta den fantastiske planta inn i husvarmen.
At den også har tilnamn som Feite-Nils og Hårvokst vel vi å oversjå.
Eit interessant faktum kan vidare påpeikast: Søsteløkjel er namnet på godt Jølstramål. Om vi ikkje er søstre av blod, så er vi sviresøstre så det held.
Om ikkje anna kan vi iallefall sei at rosenrot er eit kjært barn.
Takk og Amen, ROSENROT til folket.
PS: "Rosenrot er kjent for å ha gunstig effekt på mental prestasjon, samt afrodiserende effekt."
Mao svært snaut i eksamenstida, men kvifor ikkje ellers og, når det som finnane så fint seier er "Naturens eget viagra"(finnmark.net)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar