mandag 7. september 2009

Nattbussobservajonar

-Mann som snorkar
-Dame akkompagnert av mann, begge i motorsykkeljakker. Dama er type 40 år. Dama byrjar å spy. Grunn=første gang ho prøvar snus. Det var jammen ein lur ting å prøve på nattbussen.
-Bussjåfør som lev og andar for nattbussen. Likar å seie farvel til alle som går av nattbussen og tykkjer det er særs viktigt å informere om at kl0100 slår han på eit automatisk klimaanlegg. Han legger og til at det vil seie at vi kjem til å puste i den same lufta dei neste seks timane. Han er og særs glad i toalettet.
-Turistar som fniser av mannen som snorkar
-Den såkalte innebygde radioen, som spyttar ut ein harklete p3, men tydelegvis har to country/dansband kanalar som den spelar klokkeklart.
-Nok ein turist, forvirra på grunn av all snakkinga over høgtalaren. Lurer på om busssjåføren seier noko viktigt, noko som han ikkje gjer.
-Nokre utspekulerte sjeler som likar å late som dei søv når det kjem nye folk på bussen ( deriblant meg sjølv).
-Ungdom med nedsatthørsel og dårleg musikksmak


Nattbussen = elsk eller hat

Ingen kommentarer: